05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

fekk «det overordnete ansvar for omstillingen i Sør-Varanger

og ansvaret for koordineringen overfor andre departementer

og det øvrige virkemiddelapparat?» 1

Hittil er det berre reagert på aller lågaste nivå - mot ho som førte

rekneskap ved sia av alt anna ho skulle gjera i bedrifta. Ho

fekk sparken i april 1991 fordi ho hadde tatt ut forskot på si

eiga løn. Direktør Knut Henningsen - som lenge skumma fløyte

av SVI-systemet - slutta sjølv i fjor haust av personlege grunnar.

Etter det vi har fått opplyst, er han no avdelingsdirektør i

Industrifondet i Oslo. Vi får håpe at det går betre der enn i Sør-

Varanger. Etter aksjelovas paragraf 8-7 er det administrerande

direktør som «skal sørge for at selskapets bokføring er i samsvar

med lov og forskrifter og at formuesforvaltningen er ordnet

på en betryggende måte».

Buklanding i blomsteroppsatsen

Det er enno ikkje tilsett noen ny direktør etter Henningsen, men

den lokale Høgre-formannen, Hans Hatle, er konstituert som ny

direktør. Før han kom til SVI, sat han i leiinga av Norving A/S.

Der måtte han gå på grunn av feildisposisjonar. Men for SVI er

han altså meir enn god nok. Ein liten episode illustrerer leiarstilen

til den nye direktøren. Våren 1991 var han - saman med nyordføraren

i Sør-Varanger og ein del andre - på delegasjonsreise

til Murmansk. På grensestasjonen på veg attende kom det til

dramatikk. Det vart diskusjonar mellom dei norske deltakarane

og sovjetiske grensevakter omkring noen formalitetar som

ikkje var i orden. Sovjetarane ville ikkje sleppe igjennom ein

kar som hadde rota bort passet sitt mens han var i Murmansk.

Hatle freista å «ordne opp», men han var dessverre i ein slik tilstand

at han kom til å snuble over koffertane inne i hallen og

harma i ein blomsteroppsats. Han ordla seg slik etterpå at situasjonen

ikkje vart lettare for han som sto igjen på andre sia utan

pass. Grensevaktene bestemte seg for å halde tilbake han som

ikkje hadde papira i orden, mens det norske reisefølgjet rydda

opp blant blomane og fekk med seg Hatle heim.

79

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!