05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

svært uheldig som forbilde for virksomheten andre steder i

Oslo kommune»', og at «det er samtidig lett å se at opptreden i

strid med habilitetsreglene lett kan gi grobunn for mistanker

om mer alvorlige forhold. Etter granskingsutvalgets syn er det

ikke minst dette som har gitt grunnlag for de store belastninger

på almenhetens tillit til kommunens politiske ledelse og til

enkelte av de folkevalgte de senere år» 2 .

Ordførarar og rådmenn flest er lite glade for å bli gjort

ansvarleg i forhold til slike årsakssamanhengar.

Fire korrupsjonsdefinisjonar

«Alle» som burde ha greie på det - både politi, politikarar og

forskarar - er samde om at det er vanskeleg å gi ein presis og

eintydig definisjon av korrupsjon. Dette har dels ei særnorsk

forklaring: Av grunnar vi ikkje kjenner, lyktest det å halde sjølve

ordet 'korrupsjon' vekke frå det offisielle og trykte norske

skriftspråket i etterkrigstida heilt fram til oktober 1989. Slik

vart etterkrigs-Norge - nærmast som ved eit pennestrøk - korrupsj

onsfritt.

Samtidig er det eit faktum at korrupsjonsbegrepet er fleirtydig

også i dei samfunna der ordet er ein del av både skriftspråket

og daglegtalen. Noen bruker det som ein allmenn moralsk

karakteristikk, andre avgrensar det til visse typer lovstridig

handlemåte, mens atter andre berre vil bruke ordet viss det er

snakk om konkret kjøp og sal av tenester som eigenleg ikkje

skal vere salbare. Eit engelsk oppslagsverk opererer med at

ordet korrupsjon kan ha heile ni ulike meiningsinnhalda.

Dessutan er jo sjølve korrupsjonen sitt vesen slik at berre dei

innvidde har førstehandskunnskap om kva det er. Korrupsjon er

«mørkrets gjerningar» på meir enn ein måte. «Dette skaper et

interessefellesskap mellom korrupte personer. De blir et hemmelig

selskap, et skjult sosialt nettverk, et broderskap som har

all interesse av utad å framstå som mest mulig respektable» 4 .

Fordi det er slik bør vi gjere det klart, både for oss sjølve, og

for dei vi vender oss til, kva vi eigenleg meiner når vi bruker

ordet korrupsjon.

122

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!