Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
■ Innsynsrett for part i saka

Den som er part i ei sak har etter forvaltningslovas § 18 «rett til

å gjøre seg kjent med sakens dokumenter for så vidt ikke annet

følger av reglene i denne paragraf eller § 19.»

Unntaka gjeld for det første interne dokument og det som er

utarbeidd av underordna organ eller av sakkyndige. Dernest

gjeld det slikt som har å gjere med rikets tryggleik, forretningsløyndomar

og andres helseforhold. Meir betenkeleg er unntaket

for opplysningar «som det av hensyn til hans helse eller hans

forhold til personer som står ham nær, må anses utilrådelig at

han får kjennskap til». Denne regelen kan misbrukast, men det

er verdt å merke seg at forvaltningsorganet i slike tilfelle er forplikta

til å la ein «representant for parten» få kjennskap til opplysningane

«når ikke særlige grunner taler mot det». (§ 19 c).

■ Julebord

Ved sidan av gåver og reiser, er det ein ikkje uvanleg metode å

smørje offentleg tilsette med å invitere dei med på julebord. For

kommunale nøkkelpersonar - som er glad i ein fuktig fest - kan

julebordmetoden vere eit bra bestikkelsesmiddel.

Innehavaren av eit firma i Drammen som leverte tenester til

teknisk sektor forklarte hausten 1989 til politet at han har gitt

gåver «også utover nivået 'hyggelig julehilsen' til endel personer

i Drammen kommune, Teknisk Sektor, Ingeniørvesenet.

Dette dreiet seg etterhvert om mer enn julegaver - idet innehaveren

hevdet at gaver også var forventet i forbindelse med oppdrag,

likeledes som det var forventet at han inviterte sine kontakter

i Drammen kommune med på 'utvidede julebord' som

f.eks. reise med danskebåten» 5°.

Fleire av dei involverte i korrupsjonssakene i Oslo fortel at

firmaet Myhre og Storli også inviterte til julebord, for å pleie

kontaktar i kommunen. Det dreide seg om julebord som varte

frå fredag ettermiddag til utpå søndagen. Rekninga frå Vinmonopolet

for desse juleborda kom opp i fleire titalls tusen kroner.

Men den vart dekka etterpå ved overfakturering på kommunale

oppdrag.

166

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014