05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Juridisk held det derfor ikkje å bruke organisasjonsforma

med kommunale eller halvkommunale aksjeselskap til å unngå

offentleg innsyn og folkevald kontroll. Men i praksis går det

heilt fint. Vi er nokså sikre på at det er mange kommunar som

har ein ugjort jobb her, viss dei skal sikre den folkelege innsynsretten

i aksjeselskap som er heilt eller halvvegs kommunale.

Bykle kommune i Setesdal, med sine 12 kommunalt dominerte

aksjeselskap, er berre eitt eksempel.

■ Overordna organ - eller fylkesmannen -

glattar over

Fylkesmannen i Nordland hjalp Bodø-ordføraren med å «glatte

over» den feilen rådmannen hadde gjort da han betalte ut ein

halv million til nære forretningsvener, i strid med bystyrevedtak.

(Sjå side 48 ff.)

Fylkesmannen i Hedmark, Oddvar Nordli, har sia hausten

1990 komi i ein vanskeleg situasjon, fordi omfattande regelbrot

og maktmisbruk frå rådmannen og ordføraren i Trysil kommune

har vorti avslørt. Folk som har kunnskapar om forholda, er

redd for å uttale seg til den 'kommisjonen' fylkesmann Nordli

har oppretta. Dei er redde fordi Nordli er så nært knytta til den

kommunale leiinga, gjennom kjennskap og partilojalitet, at dei

frykter han vil glatte over og at dei som snakkar opent, kan bli

utsett for represaliar etterpå.

■ Parti - og fagforeningskameraderi

I delar av Oslos kommunale forvaltning var det slik at Ap og

enkeltpersonar i Ap for ein del år sia hadde makt på fire forskjellige

måtar:

For det første gjennom fagforeningsapparatet, der dei aller fleste

fagforeningane i Kommuneforbundet den gongen var styrt av

Ap sine folk.

176

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!