05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

grepa ved Sosialsentralen i 1982, slo finansrådmannen fast at

«begrepet ansvar er uklart» og at ingen politikar var ansvarleg

for den systematiske uretten som ramma mange sosialklientar.

Den lovfesta tilsynsplikta må konkretiserast, slik at det får følgjer

når politikarar forsømer seg. «Politikar-karantene» for ein

viss periode er ei aktuell reaksjonsform, eller frådøming av

kommunale verv dersom det er snakk om grove overtramp.

Offentlege register må bli gratis igjen

Dersom folk skal kunne sette seg inn i maktstrukturane i samfunnet

og kunne avdekke maktmisbruk og korrupsjon, er det

naudsynt å skaffe seg kunnskap frå fleire kjelder. Noen av dei

mest sentrale kjeldene er ein del offentlege register, så som

grunnboks-, handels- eller båt/bilregistra.

No er det sånn at Stortinget har vedtatt at dei offentlege registra

ikkje skal brukast av befolkninga til å avdekke skjulte maktforhold.

Nei, dei øvste politikarane i landet har funne ut at dei

heller vil at registra skal vere butikk - som skal skaffe inntekter

til statskassa. Det er dei siste åra innført ordningar med gebyr på

å få ut registeropplysningar. I Brønnøysundsregistra kostar det

over 200 kroner å få ut firmaattestar med opplysningar om styresamansetjing,

aksjekapital, stiftingsdato osb. for eitt firma.

For Raud Valallianse si bystyregruppe i Oslo har informasjon

frå dei offentlege registra vori heilt nødvendig i fleire

avsløringssaker vi har jobba med. Dersom vi idag skulle ha rulla

opp dei mange forretnings- og eigedomskrumspringa til tidlegare

byrådsleiar Hans Svelland, ville vi ha endt med økonomisk

min. For 5-6 år sia klarte vi det, rett og slett fordi registra

då i all hovudsak var gratis.

Stortinget freistar gjennom gebyr-politikken sin å hindre at

folk skal kikke makthavarane i korta. Ordninga med gratis

informasjon i dei offentlege registra må derfor gjeninnførast

straks.

14 Sannheta om boblebadet

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!