05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

seksjonen der Mikkelsen er sjef. Tilsvarande kan gjelde vurderinga

av tiltale eller ikkje tiltale mot Sandstrøm i 1990. Ettersom

Sandstrøm har vori og er nært knytt til Mikkelsens gamle

advokatkompanjong Morten Kjensli, burde Mikkelsen vori føre

var og sørga for ikkje å bli involvert i vurderinga av saka. Når

dei forsvunne - og for Sandstrøm kanskje fellande - politiforklaringane

blir funni igjen på kontoret hos Mikkelsens nestkommanderande,

gir det grunnlag for mistanke om alvorlegare

forhold enn inhabilitet. Om Mikkelsen hadde vori føre var og

tatt habilitetsreglane alvorleg, så hadde han ikkje utsett seg for

slike mistankar.

Når dei store går fri

I april 1991 deltok fengselspsykolog Jon Sandstrøm i ein fredagskveldsdebatt

i fjernsynet om politiet sin måte å prioritere

kreftene på. Han var opprørt over at politiet tar dei små og lar

dei store gå fri, og kom med skarpe utsegner om kva følgjer

dette kan få for vanlege folks tiltru til politi og rettsvesen. Etter

programmet fortalde han ein av meddebattantane om korrupsjonsskuldingane

han sjølv hadde vori utsett for og korleis han

sjølv hadde komi i konflikt med politimeisteren, etter det oppsiktsvekkjande

Nå-intervjuet med Haugli i mai 1989. Sandstrøm

sa at den saka hadde løyst seg med at det vart forlik

mellom han og politimeisteren.

Fakta i saka er litt annleis. Det er sant at advokaten til Jon

Sandstrøm reiste privat straffesak mot politimeister Haugli etter

intervjuet i Nå. Regjeringsadvokaten tok saka for Haugli sin

del. Men dei møttest aldri i retten. Etter ei tid foreslo Sandstrøm

- gjennom advokaten sin - at dei skulle inngå forlik.

Haugli sa tvert nei til å forlikast med den korrupsjonsmistenkte

psykologen. Politimeister Haugli opplyser at saka vart heva ved

Oslo Byrett, da psykologen og advokaten hans trekte seg utan

at dei oppnådde noe som helst. Hauglis siste ord i saka så langt

er altså at «jeg har all grunn til å tro at opplysningene i Nå er

korrekte».

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!