05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

grunn», vart dette avvist med 83 mot 2 røyster.

Våren 1991 avgjorde Fylkesmannen ei klagesak der han slo

fast at desse «Rådgivende retningslinene» ikkje kan brukast

som lovleg grunnlag for å nekte dokumentinnsyn. Han slo fast

at eit kommunestyre ikkje gjennom kommunalt regelvedtak

kan oppheve rettar som er fastsett ved lov eller i statlege retningsliner.

Han slo og fast at Byrådet måtte behandle på nytt

RVs krav om dokumentinnsyn og slo til slutt fast at han etterpå

ville vurdere om feilen som var gjort, var så alvorleg at det var

grunn til å oppheve bystyrevedtaket i saka.

Det ser likevel ut til at bystyrefleirtalet vil stå fast på sitt. RV

stilte spørsmål i bystyret om kommunen no ville endre dei

ulovlege reglane. Administrasjonsutvalet - der Ap, Høgre og

FrP er med - drøfta saka og slo fast at dei nok måtte «ta til

etterretning» at Fylkesmannen meinte dei hadde gått på tvers

av lova. Men dei fann ingen grunn til å sjå meir på saka ettersom

dei andre partia var godt tilfredse: «Administrasjonsutvalget

finner på dette grunnlag ikke grunn til å tro at ytterligere

informasjon til RV ville ha påvirket de øvrige partier».

Ordførar Peter Myhre slo etter dette fast at han «anser dermed

saken som ferdig behandlet i de kommunale organer» 49.

I Oslos «Rådgivende retningslinjer» blir begrepet 'unntatt

fra offentlighet' blanda saman med begrepet 'taushetsplikt'.

Folkevalde handterer både dokument som av ulike grunnar er

gradert som 'unntatt fra offentlighet' og dokument som er

omfatta av lovbestemt 'taushetsplikt', f.eks. fordi dei inneheld

person- eller helseopplysningar. Justisdepartementet har slegi

fast at det ikkje automatisk oppstår noen slags taushetsplikt for

den folkevalde som får eit dokument som f.eks. rådmannen har

stempla 'unntatt fra offentlighet'. Men kommunestyret kan i

den enkelte saka fatte særskilt vedtak om å påleggje representantane

taushetsplikt om bestemte forhold eller bestemte dokument.

Skal eit slikt vedtak gi meining, må det gjerast i lukka

kommunestyremøte.

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

165

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!