05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Utover sommaren var funksjonæren ofte innom byggjeplassen.

Han utførte forøvrig sjølv det oppmålingsarbeidet som

eigenleg høyrer under ein annan kommunal etat. Utpå hausten,

da grunn- og murarbeidet var ferdig i september, måtte «byggjeleiaren»

innom oftare enn før. Han var og med som rådgivar

da Jespersen tok avgjerda om å byggje utleigerom i staden for

leiligheter.

Jespersen seier det vart nødvendig med nesten dagleg oppfølgjing

på byggjeplassen da innreiingsarbeidet kom i gang, i

november og desember. Han peiker på at han hadde store

utlegg elles dg, utan å tene noe særleg, og vedgår at han ikkje

klarte å «foreta full dekning» for tenestene frå den kommunale

funksjonæren i denne perioden. Han betalte såleis ikkje ut meir

enn omlag 7 000 kroner for dei ekstraytingane han fekk i

november og desember.

Samarbeidet mellom Jespersen og den hjelpsame funksjonæren

gjekk i stå heilt på slutten av 1987. Frå da av legg dei

kommmunale bygningsmyndighetene stadig nye hindringar i

vegen for Jespersen sine forsøk på å få Saga Gjestehus driftsklart.

Mannen som hadde så gode inntekter frå Jespersen i

1987, heldt fram som saksbehandlar og fekk vere med på å

utforme den kommunale motarbeidinga av Saga. Mellom april

og desember 1987 hadde denne funksjonæren - ifølgje Jespersen

- mottatt 68 000 kroner i kontantar og materialar.

Den kommunale motarbeidinga vara ved heilt til konkursen

i juli 1990 var eit faktum.

Det er merkeleg viss ingen overordna la merke til at den

kommunale funksjonæren utførte så omfattande arbeid på eit

privat byggjeprosjekt. Viss alle såg vekk, og ingen av dei

ansvarlege politikarane tok den lovpålagte tilsynsplikta si på

alvor, så er det - i prinsippet - muleg at dei var uvitande både i

1987 og i 1988. Men vi skal hugse på at mens alt arbeidet på

Saga vart utført, og var mykje omtala i media, så låg sjølve

byggjesaka for Saga Gjestehus i ein skuff hos bygningssjefen

utan å kome til behandling i bygningsrådet. I eitt og eit halvt år

låg saka der mens utbyggjinga gjekk sin gang. Dette må sentrale

politikarar ha vori klar over.

I januar 1990 fekk Ulf Jespersen brev frå bygningssjefen om

94

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!