05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

inntil eitt år, for «den, som ved Trusler eller ved Ydelse af eller

Tilsagn om Fordele søger at formaa en offentlig Tjenestemand

til uretmæssig at foretage eller undlade en Tjenestehandling».

Her er det verdt å merke seg at den straffbare handlinga er fullbyrda

sjølv om gjerningsmannen ikkje har komi lenger enn til

f.eks. å setje fram eit tilbod om at ein tenestemann eller ein

politikar skal få ein bestemt fordel viss han vil utføre ei eller

anna «uretmæssig» teneste. Det er derimot ikkje straffbart å tilby

eller yte betaling for det som er lovlege tenestehandlingar.

Men å ta imot slik betaling er straffbart etter § 112.

Eksempel: I den store tollsvindelsaka i Oslo på 50-talet vart

både dei som bestakk og dei som let seg bestikke, dømt.

Mellom dei dømte var pelsgrosserar Olav Thon, no betre kjend

som Norges rikaste mann. Saman med ein speditør bestakk han

ein fortollar og ein tollkontrollør på jernbanetollstaden i Oslo.

Byretten dømte alle fire til fengsel på vilkår 30. juni 1956.

Thon fekk eitt og eit halvt år, ei bot på 50 000 kroner og ei inndraging

på 80 590 kroner. Medhjelparen til Olav Thon, og dei

to tollarane, anka dommane sine til Høgsterett.

Høgsterett hadde eit strengare syn på saka enn byretten. Dei

øvste juristane i landet slo fast at det er ulovleg og alvorleg å

«friste» offentlege tenestemenn, slik som Thon og medhjelparen

hans hadde gjort. I dommen heiter det mellom anna:

«Det gjelder en rekke omhyggelig planlagte vinningsforbrytelser

som særlig for bestikkelsenes (og dermed utroskapens)

vedkommende er av en farlig karakter. De offentlige

interesser og de offentlige funksjonærer - tollerne - bør ha

det vern som ligger i at også de som opptrer som fristere,

rammes strengt.»

Høgsterett skjerpa straffa for medhjelparen til Thon og omgjorde

straffa til fengsel utan vilkår. Det same galdt dei to tolltenestemennene.

Den eine av desse hengde seg seinare i cella.

§ 405 b i straffelova og § 17 i marknadsføringslova inneheld

forbod mot å bruke bestikkelse som metode i konkurransen

mellom private firma: «Med bøter eller fengsel inntil 3

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

139

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!