05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Saka endte med eit slags kompromiss. Boligutvalget i kommunen

vedtok at det eine kvartalet skulle rivast, og at det andre

skulle utbetrast. Da formannskapet i slutten av februar 1984

avviste ein anke frå Høgre, som ville ha meir riving, trudde alle

at utbetringsarbeidet kunne starte, og at husrekka i Breigata var

berga.

Men Kong Fridtjov let seg ikkje stoppe av eit formannskapsvedtak.

Bygningsindustiarbeiderforbundet sine folk tok

opp saka på nytt i representantskapet til Oslo Arbeiderparti -

som eventueltsak på tampen av eit møte. Med eit lite fleirtal

vedtok representantskapet at bystyregruppa skulle tvingast til å

gå over på Høgre og Fremskrittspartiet sitt standpunkt i saka.

Slik vart det Ap som sørga for omgjering av alle tidlegare vedtak.

Dette «kuppet» er eit døme på at Fridtjov Johansen brukte

«vener» i Fagbygg og i Bygning til å oppheve politiske vedtak.

Eksempelet viser 6g at Fridtjov Johansen ikkje dreiv med

byfornying av sosiale årsaker. Han visste at riving er mykje

dyrare enn utbetring. Dei som budde i rivingsgårdane på Grønland

hadde ikkje råd til å flytte attende. Leilighetene er no kjøpt

av folk i langt høgare inntektsklasse enn dei som budde der før,

til dømes AUF-leiar Turid Birkeland. Då prosjektet var ferdig i

1989-90, vart ei leilighet på vel 100 kvadratmeter selt for

925 000 kroner.

Fagbygg avd. Grønland

Noe av det mest slåande gjennom dei tolv åra som selskapet

eksisterte, er at det berre ein gong var anbudskonkurranse om

eit byggeprosjekt. Det var i 1982 då ei kontorblokk skulle byggjast

på Grønland. Ifølgje protokollen var det seks byggefirma

som rekna på den jobben. Fagbygg A/S vann konkurransen.

Elles var det alltid Fagbygg som fekk oppdraga - utan konkurranse

- etter at arkitektfirmaet Fosse & Aasen hadde teikna.

Bustyrar Jeppe Normann peiker på at dette arkitektfirmaet vart

nytta som rådgivar bg, langt utover det som er vanleg for tradisjonell

arkitekthjelp. Også det nære og omfattande samarbeidet

med Fagbygg er oppsiktsvekkjande. Spørsmålet er om Fagbygg

104

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!