05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Det spørst likevel om ikkje juleborda i Hotel Atlantic i Stavanger

tar kaka. Der møtest fleire hundre gjester frå privat

næringsliv og kommunen kvart år til festleg samankomst. Dette

er ein tradisjon som skriv seg heilt attende til femti-åra. Selskapet

er samstundes juleavslutning for dei 77 folkevalde i Stavanger

bystyre. Under julebordet i desember 1989 tok Hotel

Atlantic 425 kroner frå deltakarane. Hotellet tok sjølv omkostningane

med aperitif, drikke til julematen, kaffe avec og eit par

drinkar utover kvelden. Men dette trong ikkje dei folkevalde og

byråkratane å tenkje på. Det var berre gjestene frå næringslivet

som måtte betale for pinnekjøttet og alkoholen. Hotelldirektør

Peter F. Holst forklarte til Verdens Gang at «de private gjestene

subsidierer bystyre og kommuneforvaltning. Slik får hotellet

dekket sine kostnader og går hverken med tap eller fortjeneste»51

. KrF-ordførar Leif Måsvær forklara sjølv kva slags funksjon

dei tradisjonsrike juleborda med deltaking frå næringslivstoppar

og kommunetoppar hadde:

«Julebordene skaper kontakt og positiv dialog mellom

offentlig og privat virksomhet, bryter ned byråkratiske barrierer,

former et sosialt nettverk - og er en fortjent oppmuntring

for de folkevalgte» 52 .

Mer presist går det ikkje an å seie det, spør du oss.

■ Kjøpe opp folk med fordelar for å gjere dei medansvarlege

Denne teknikken finst både i tilsynelatande uskyldige former

og i svært alvorlege og kriminelle variantar. Det mest harmlause

er sjefen på mellomnivå som er raus med utdeling av nokså

ubetydelege - men formelt sett ukorrekte - fordelar til ein del av

sine underordna. Det kan f.eks. vere at tilsette får fri frå jobb

utan lønstrekk når dei av private grunnar har bruk for det, det

kan vere deltaking på «tenestereiser» som har eit sterkt innslag

av avkopling og ferie. I eit ryddig firma eller ein ryddig etat,

kan denslags i smått omfang vere ein del av ein fornuftig og

konstruktiv personalpolitikk.

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

167

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!