05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

evet hans til Wegner var «oversendt statsadvokatene i Eidsivating

og Helsedirektoratet til orientering».

Da førstestatsadvokat Huitfeldt fekk kopien av brevet frå

Tormod Lien, må han omsider ha funni grunn til å reagere.

Trondheim Politikammer fekk ein telefon frå førstestatsadvokaten,

men fann det jo litt underleg at statsadvokaten ikkje heller

tok direkte kontakt med politikammeret i Oslo som hadde

dokumenta i saka.

Omtrent samtidig vart det gjort eit 'dokumentfunn' på kontoret

hos nestkommanderande ved Retts- og påtaleseksjonen.

Dei to forsvunne politiforklaringane låg inne på kontoret hans.

Det vart oppretta 'sak' på dei to dokumenta 13. november

1990, meire enn åtte månader etter at forklaringane vart levert

til daverande kriminalsjef Aukrust...

Det er framleis fleire uoppklarte sider ved politiet si handtering

av Sandstrøm- og Undersrudsaka. Det er imidlertid klarlagt

at det var nettopp dei to forklaringane som var mest negative

for Sandstrøm, som kom på avvegar. Internt i politiet var

heile Sandstrøm-etterforskinga ei følsom sak. Det handla om

ein betrudd medarbeidar i fengselsvesenet - ein etat som på

mange vis er nærmaste samarbeidspartnaren til politiet. Og det

handla om konkrete korrupsjonsmistankar. Tilmed slike mistankar

som politimeisteren sjølv hadde gått ut og sagt han trudde

på. Det var derfor fleire gode grunnar til at det var ein del hysjhysj-mentalitet

rundt etterforskinga. - Med alle desse særskilte

forholda burde ho bidra til at alle involverte personar i politiet

var særskilt grundige med å følgje dei formelle spelereglane.

Det er derfor - forsiktig sagt - lite sannsynleg at det var tilfeldig

at dei to vitneforklaringane som var mest negative for Sandstrøm,

ikkje følgte med til statsadvokaten, men at dei i staden

på regelstridig vis vart haldne unna den offisielle dokumentlista

i saka.

Det mest sannsynlege er at Sandstrøm her har fått «hjelp» på

høgt nivå i politiet. Med det meiner vi at ein eller fleire personar

har handla regelstridig - og til Sandstrøms fordel - etter at

dei to forklaringane hadde nådd fram til fungerande kriminalsjef

Aukrust. Viss dette er riktig, har vi å gjere med ein eller

fleire korrupsjonsbeskyttarar i nøkkelroller ved Willy Hauglis

40

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!