05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Fleire i familien Johansen jobba i Grønland Byfornyelse. Kona

hans, Solveig Johansen, tok reinhaldet på kveldstid etter endt

jobb på politiet sitt førarkortregister. Ho fekk lønnspålegg i

1989 midt under lønnslova. Då gjekk ho opp frå 65 til 70 kroner

timen. Fridtjov og kona spiste middag ute på ein restaurant

i nærleiken, Røde Mølle, to-tre gonger for veka. Rekningane

vart dekka av selskapet.

Den eine dottera, Gro Siri Johansen, hadde sommarjobb i

selskapet hos faren. Ho skreiv ikkje timelister. Einaste dokumentasjon

er ein bankgiro med påført timetal og skattetrekk.

Arbeidsklede: Shorts

Rekningar «av privat karakter» vart dekka av Grønland Byfornyelse

i stor skala, og Fridtjov Johansen attesterte sine eigne

rekninger. Revisjonen tok opp dette fleire gonger, første gong i

1986. Det var difor alvorleg når dagleg leiar fekk halde fram

med denne praksisen, utan at verken kommunalråd Peter N.

Myhre eller andre styremedlemmer greip inn. Til slutt ba revisjonen

Fridtjov Johansen gå gjennom bilaga med tanke på

eventuell tilbakeføring av personlege utgifter.

Mellom dei bilaga kommunerevisjonen trekte fram, var til

dømes eit konteringsbilag og bankgiro med påskrifta: «Andel

Televerket, 2000 kroner.» Revisjonen etterlyste original telefonrekning

og avtale om fri telefon utover fast avgift.

Ei kvittering frå Dressmann på «Div. varer 3000 kroner»

hadde påskrifta: «Utslitt arbeidstøy på arbeidsplassen. Utbetalt

til Fridtjov Johansen.» To andre rekningar frå klesbutikkane

Goodman og Dressmann for ein shorts og ei skjorte er utbetalt

til Fridtjov Johansen. På bilaget er det skrivi at det gjeld erstatning

for utslitne arbeidsklede. Var det til møter i badstua i bakre

del av kontoret at han trong ein ny shorts? Hos Familieskomakeren

har han vori og fått seg nye sko, og dei er bokført på kontoen

for arbeidsklede.

Men han har attestert andre private utgifter bg. Til dømes

hadde han ein gong «Helgevisning D 3» i Jenssens Have på

112

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!