05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Denne utbyggjingsavtalen mellom gågateinvestorane og

Bodø kommune gjeld framleis. Seinare - i november 1990 -

fekk investorane grønt lys frå Bodø bystyre til å gå ut over den

reguleringsplanen som bystyret sjølv vedtok dryge to år tidlegare.

Fleirtalet godtok at glassburet kunne byggjast høgare enn

reguleringsplanen tillet, slik at det kunne bli plass til meir «forretningsarealer».

Kven vedtok Nordlandshallen?

Det har lenge vori eit krav frå det folkevalde bystyret at det

skal byggjast trygdebustader på Tverrlandet. Det finst tilmed

ein avtale mellom Ap, SV og Venstre - som saman har fleirtal i

Bodø bystyre - der det går fram at trygdebustadene på Tverrlandet

skulle prioriterast i den valperioden som sluttar med året

1991. Men hittil er det ikkje tatt eit spadetak og det er ikkje lagt

ned ein murstein. Dei kommunale løyvingane har nemleg gått

til andre prestisjeprosjekt i byen - til dømes Nordlandshallen -

sjølv om hallen ikkje står nemnt i noen «samarbeidsavtale»

fleirtalspartia imellom.

Interessentane bak hallen klarte 7. desember 1989 å samankalle

til eit ekstraordinært møte i bystyret. Dette møtet løyvde

30 millionar til den nye hallen på Stormyra, som mellom anna

skal huse idretts- og næringsaktivitetar. Dette vedtaket førte til

at trygdebustadprosjektet på Tverrlandet vart utsett på ubestemt

tid - enda ein gong. Det var ikkje pengar nok til begge prosjekta.

Korleis kan det ha seg at bystyret prioriterer eit gigantprosjekt

for friske folk og næringslivet framfor dei sjuke og gamle?

Du finn litt av svaret viss du finn ut kven som tok avgjerda.

Det var det verkelege bystyret - dvs. dei mektigaste familiedynastia

og dei lydige, kommunale hjelparane - som bestemte

at Nordlandshallen skulle byggjast. Desse dynastia stiller ikkje

til val, og dei har aldri komi med lovnader om å byggje trygdebustader

eller eldresenter.

Her er noen av dei som har trekt i dei trådane som førte fram

til formelt vedtak om å byggje Nordlandshallen:

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

51

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!