05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

den aktuelle formannskapsbevilginga, eller så må det førast

bevis for at varaordføraren var «vidende om» at Siggestrøm

fiksa boblebadet til henne «for at øve Indflydelse» på varaordføraren

sin «Optræden i Tjenesteanliggende». Når det ikkje

finst slike bevis, så er Heggen Larsen trygt plassert i dei ukorruptes

rekker.

Ved å definere korrupsjon på denne måten har Smith-utvalet

gjort si eiga oppgåve enklare, og dei har gitt korrupsjonsbegrepet

eit innhald som gjer at folkevalde som oftast vil gå fri.

Ei anna svakhet ved Smith-utvalet sin snevre definisjon er at

dei ikkje går inn på at korrupsjon i praksis svært ofte omfattar

brot på fleire lovparagrafar. Sorenskrivar Bjørn Stordrange peikar

på at «man ser undertiden eksempler på at offentlige tjenestemenn

skaffer seg private fordeler ved å 'handle med' den

offentlige myndighet de bestyrer. Slike forhold kan ligge i

grensefeltet mellom bestikkelser og utroskap og fører ofte med

seg dokumentfalsk, skatte- og avgiftsunndragelser o.1.» 7 .

Pengedefinisjonen

I eit arbeid utført for Smith-utvalet, lanserer forskar Jens Christopher

Andvig ein annan definisjon som juridisk sett er meir

omfattande, men som er snever når det gjeld formene for motytingar:

«En handling er korrupt dersom et medlem av en organisasjon -

vanligvis et hierarki - benytter sin beslutningsrett, sitt informasjonsmonopol

eller andre av organisasjonens ressurser til fordel

for et ikke-medlem og derigjennom mottar kontanter eller

andre omsettbare økonomiske goder på en måte som enten er

ulovlig eller strider mot organisasjonens egne regler og formål»8

Bruker vi boblebad-eksemplet, vil den tidlegare varaordføraren

her stå i fare for å hamne blant dei korrupte. Det er ikkje tvil

om at ho brukte si eiga myndighet og kommunens ressursar til

fordel for ein utanforståande. Det er heller ikkje særleg tvil om

at boblebadleveransen vart ordna midt oppe i denne prosessen,

124

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!