05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

VI skal sjå nærmare på noen få av sakene der dei har vori

innblanda, kva metodar dei bruker og kven dei bruker som stråmenn.

Sex, toalett og rock'n roll

I 1987/88 fekk ein ung Bodø-mann - Morten Johnson, son til

daverande rådmann Gisle Johnson - ein forretningsi&. Han ville

gjere om det kommunale tilfluktsrommet og toalettanlegget

rett under torget i Bodø sentrum til privat diskotek. Det var berre

eit par ting som måtte ordnast. Først måtte han finne seg

gode partnarar. Dernest måtte han få kommunen til å flytte

vekk alt sivilforsvarsmateriellet som stod lagra i tilfluktsrommet.

Og tilslutt trong han ein leigeavtale med Bodø kommune.

Unge Johnson slo seg saman med ein del andre forretningsfolk.

Mellom desse var Erik Jørgensen, son av forretningsmannen

og gårdeigaren Ole Henrik Jørgensen som vi skal høyre

meir om seinare. Dei unge tok kontakt med rette vedkomande i

kommunen - vi kan jo berre gjette kven - og ba om ein leigeavtale.

Og Bodø kommune var, ikkje uventa, velvillig innstilt. Det

vart «forhandla» fram eit forslag til avtale. Og forslaget var

godt for dei unge. Dei skulle betale 162 700 kroner i årsleige

for det 220 kvadratmeter store diskoteklokalet, som fekk namnet

«Joes Garage». Samstundes skulle Joes Garage få 112 700

kroner i året frå kommunen for å halde toalettanlegget - som

dei i alle fall måtte ha for å kunne drive diskotek - opent for

«allmennheten». Summa sumarum skulle altså Morten, Erik &

co. betale 50 000 kroner, eller berre 227 kroner kvadratmeteren

for å leige lokale med innlagt vatn, kloakk og strøm. Til samanlikning

betaler ein annan restauratør noen meter over tilfluktsromet

350 kroner kvadratmeteren til kommunen berre i tomteleige.

Kommunen leigde seg nye lokaler for 66 000 kroner i året på

Høgskolesenteret på Mørkved for å få plass til sivilforsvarsmateriellet.

Fordi lokala måtte setjast i stand, betalde kommunen

like godt ut 3 årsleiger - 188 000 kroner - i forskot til utleigaren.

Fordi pappa til Morten var rådmann, tok ordførar Per Petter-

44

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!