11.05.2015 Views

CICERONE

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

NORKLIMA

Nye vinddata forbetrar

havmodellar

Vinddata frå atmosfæremodell med god oppløysing er viktig

for simulering av detaljar i havsirkulasjonen. Dette viser

studiar frå Storfjorden på Svalbard.

Anne Dagrun Sandvik, Ragnheid

Skogseth og Solfrid Sætre Hjøllo,

ProClim

På ein typisk dag blir det samla inn

meteorologiske observasjonar frå omlag

5000 bakkestasjonar, 600-1000 vertikale

sonderingar, samt ei rekke målingar frå

skip, bøyer, fly, radar og satellitt. Observasjonane

blir nytta av operasjonelle

varslingssentra til å produsere analysar

av tilstanden til atmosfæren, data som

vidare blir nytta som startfelt til atmosfæremodellane

som produserer daglege vervarsel.

I ettertid blir dei analyserte felta

oppdatert/reanalysert (sjå faktaboks) og

lagra i databasar.

Dei analyserte og reanalyserte dataene

har forholdsvis grov romleg oppløysing, og

har såleis noko begrensa verdi for studie

av fenomen på liten skala. Dette vil i stor

grad gjelde atmosfære- og havsirkulasjon

nær kystar og i fjordar. Atmosfærefelt

med høgare romleg oppløysing kan

produserast med varslingsmodellar på eit

avgrensa geografisk område. Dersom ein

nyttar reanalyserte felt som både startfelt

og randfelt til dømes kvar 6. time, kan

ein betrakte dette som dynamisk nedskalering

av atmosfæren. Ein mykje nytta

modell til vervarsling og nedskalering er

den finskala atmosfæremodellen MM5,

(http://www.mmm.ucar.udu/mm5/mm5-

home.html). I forskningsprosjektet Polar

Ocean Climate Processes (ProClim,

www.gfi.uib.no/ProClim), koordinert av

Bjerknessenteret i Bergen, vert vindfelt frå

denne modellen mellom anna nytta for å

studere vinddreven sirkulasjon i ein fjord

på Svalbard.

Vindfeltet i Storfjorden på Svalbard

Storfjorden ligg mellom Spitsbergen, Edgeøya

og Barentsøya på øygruppa Svalbard

(figur 1). Fjorden er omkransa av forholdsvis

kompleks topografi og mange stader

er fjellsidene svært bratte. Newtontoppen

er høgste punktet med 1717 moh. I store

delar av året har atmosfæren høg statisk

stabilitet, noko som betyr stor effekt av

fjella på luftstraumane.

Data for vinden sitt drag på havet

(vindstress) henta frå reanalysar frå NCEP

og midla for oktober månad 1998 er vist

i figur 2a. Ein ser at feltet er tilnærma

homogent i heile fjorden. Tilsvarande felt

frå ein MM5-simulering med 4 km avstand

mellom horisontale gitterpunkt (figur

ATMOSFÆREFELT

Analysar av atmosfærens tilstand ved eit tidspunkt byggjer

på ulike observasjonar og informasjon som ligg i korte

prognosar (gjerne 6 timar) med numerisk modell fram

til tidspunktet. Prosessen blir kalla dataassimilasjon, og

her inngår statistiske metodar for å minimalisere avvik

mellom observasjonar og modellresultat. Over datarike

område vil observasjonane dominere det analyserte feltet,

medan resultata frå prognosen er viktige i område med lite

observasjonar. Over tid endrar observasjonsgrunnlaget seg og

assimilasjonsmetodane blir betre. I tillegg til daglege analysar

2b) syner tydeleg korleis luftstraumen er

påverka av fjella på Svalbard med topografisk

forsterking, jettar (strålar med sterk

vind) og leområde. Av standardavviket i

figur 2d ser vi òg dei store variasjonane i

finskalamodellen, variasjonar ein ikkje ser

teikn til i NCEP dataene (figur 2c), som

ikkje løyser opp fjella.

Verknad av vind på fjordsirkulasjon

I Arktis finn vi fleire polynyaområde, isfrie

område i eit elles isdekt hav. Her skjer der

ei stor varmeutveksling mellom hav og

atmosfære. Er sjøvatnet på frysepunktet,

vil is frysa kontinuerleg. Slik blir de danna

tungt og saltrikt vatn. Dette er med på å

oppretthalda lagdelinga i Polhavet, som

for værvarsling har nokre få meteorologiske sentra produsert

lange seriar med reanalysar, dvs analysar kvar 6. time over

fleire tiår utført med ein oppdatert assimilasjonsmetode.

Mest nytta er reanalysar frå NCEP/NCAR, som går frå 1948

og fram til i dag. Horisontal avstand mellom gitterpunkta

er her ca. 250 km, og dataene finst i 28 vertikale lag.

ERA40 reanalyser fra ECMWF går frå 1957 og fram til i dag.

Horisontal avstand mellom gitterpunkta er her omlag 125

km, og dataene er lagra i 60 vertikale lag frå bakken og opp

til 65 km.

Cicerone 6/2004 • 31

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!