11.05.2015 Views

CICERONE

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

CICERONE nr.3/99 7

klimaprossessen som vart trekt fram. Som

Joyeeta Gupta (IVM) poengterte, er det

i dag eit større gap i kunnskap mellom

nord og sør enn det ein fann tidleg på 90-

talet.

Dette er grunna stadige ”utviding”

av klimapolitikken og bruk av verkemiddel

som gjer arbeidet innan Klimakonvensjonen

meir detaljert og komplisert.

Dette gjeld særleg reglar utforma

for gjennomføring av Kyoto-mekanismane,

der den grøne utviklingsmekanismen

(Clean Development

Mechanism, CDM) er den viktigaste for

utviklingslanda.

CDM har klare føremoner for Anneks

B-land i gjennomføringa av Kyotokravet.

Incitamentet for at utviklingsland

skal involvere seg er mindre klart.

Og som mange av delegatane frå sør

påpeika, er utbyttet av CDM for vertsland

ikkje berre usikkert, men mest sannsynleg

marginalt, slik ein i dag ser for seg

reglane for denne mekanismen.

Med utgangspunkt i måla Nettverket

har sett seg, og med spesiell fokus på

uløyste problem i høve til

Kyotoprotokollen, skulle ein på møtet på

Leangkollen komme med ein plan for

forskingsaktiviteten dei neste tre åra.

Prosjektforslag frå ulike institusjonar vart

presentert og ein diskusjon fylgde kvart

av forslaga.

Kartleggje CDM

Ein kom fram til at det er naudsynt å

kartleggje reglar og kriterium for CDM. I

denne kartlegginga vil det være sentralt

å analysere ulike utformingar av CDM,

særskilt i høve til fordeling. Dette vil

omfatte både fordeling av investeringskostnader

og kreditten som vert produsert.

Analysen vil òg inkludere ein diskusjon

der ein ser på tilfelle der eit CDMprosjekt

vil fungere. Ein vil med dette få

ein peikepinne på kva ein av eit minimum

treng for at eit land skal kunne

involvere seg i eit CDM prosjekt.

For å kunne formidle effekten av

CDM til Anneks B-land og utviklingsland,

vil ein utvikle ein manual for å

kunne presentere fordeler og ulemper

under ulike forhold ved gjennomføring

av CDM.

Mange av landa med overgangsøkonomi

(EIT) er inkludert i Anneks B-

gruppa og har moglegheita til å operere

som investorar i CDM-prosjekt i til dø-

NETTVERK: Deltakarane på møte i South-North Knowledge Network on

Climate Change i Oslo.

Deltakarane i nettverket

· Center for Sustainable Development in the Americas – CSDA (USA)

· CICERO Senter for klimaforskning (Norge)

· Environnement et développement du tiers-monde - ENDA (Sénégal)

· Federal University of Rio de Janeiro (Brasil)

· Foundation for Business and Sustainable Development (Storbritannia)

· Global Industrial and Social Progress Research Institute - GISPRI (Japan)

· Institute for Energy Economics (Argentina)

· Institute for Environmental Studies - IVM (Nederland)

· International Development Research Centre (Canada)

· International Institute for Sustainable Development (Canada)

· National University «Kiev-Mohyla Academy» (Ukraina)

· North-South Institute (Canada)

· State Deevelopment Planning Commission (Kina)

· Southern Centre for Energy and Environment (Zimbabwe)

· Stockholm Environment Institute (Sverige)

· Tata Energy Research Institute - TERI (India)

· World Resources Institute - WRI (USA)

mes andre Austeuropeiske land (ikkje-

Anneks B-land). Historisk har somme

av desse landa godt utvikla samarbeid.

Landa er dessuten like med omsyn til

miljøreguleringar og standardar. Ein vil

med dette søkje å kartleggje potensialet

for land med overgangsøkonomi til å

delta i CDM. Det vil her særskilt bli lagt

vekt på moglegheit og omfang av

teknologioverføring.

Tilpassing

Behovet for å undersøke innverknaden

på jordbruk og skogbruk av klimaendring

vart understreka. Klimaendringar kan ha

store konsekvensar for eit allereie marginalt

landbruk i utviklingsland. Det er

derfor naudsynt å analysere moglegheita

for tilpassing til klimaendring. I høve til

tilpassing til klimaendring vil ein òg

undersøkje moglegheita for karbonlagring

i jord. Ei slik analyse vil gje svar på korleis

bruken av land påverkar karbonsyklusen

og kva økonomiske konsekvensar ei slik

langring har.

Andre forslag til prosjektsamarbeid

inkluderte følgjande tema: Omorganisering

av energisektoren og institusjonelle

endringar, byrdefordeling i klimaprosessen,

teknologioverføring og investering

i berekraftig energikjelder.

Med dette som grunnlag kunne ein

etter intens diskusjon presentere 12 forslag

til prosjektsamarbeid mellom to eller

fleire institusjonar. Arbeidet vidare vil omfatte

utarbeiding av detaljerte prosjektforslag,

spesifisering av samarbeidspartnarar

og søknad om økonomisk støtte

frå ulike land og institusjonar.

Linda Sygna er forskningsassistent ved CI-

CERO Senter for klimaforskning.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!