11.05.2015 Views

CICERONE

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

12

CICERONE nr. 4/99

Byrdefordeling viktig i

klimaforhandlingane

Ny CICERO-rapport om ulike metodar

Ein internasjonal avtale for å redusere

utsleppa av klimagassar må

fordele oppgåvene eller byrdane

mellom dei landa som deltek. For

å førebu framtidige forhandlingar

om byrdefordeling i klimaavtalen

er det nyttig å få ein oversikt over

dei byrdefordelingsmetodane som

så langt er foreslått. Dei mest interessante

forslaga kjem frå Japan,

Frankrike, Noreg, Brasil og EU. Ei

ny rapport frå CICERO Senter for

klimaforskning viser at det vil

krevjast omfattande innsats for å

utvikle metodar som kan forenkle

framtidige forhandlingar om klimapolitikk.

Av Asbjørn Torvanger

å

v

i

n

0

9

9

1

å

r

f

g

n

i

r

d

n

e

t

n

e

s

o

r

P

10

8

6

4

2

0

-2

-4

-6

-8

A ustralia B ulgaria C anada K roatia T sjekkia E stland

E U U ngarn I sland J apan L atvia

L iechtenstein L itauen M onaco

N ew Z ealand N orge P olen

TABELL 1: Byrdefordelinga i Kyotoprotokollen.

Fordeling av reduksjonsmål

prosentvis auke/reduksjon

i forhold til utsleppa i 1990

R omania R ussland S lovakia S lovenia S veits U kraina

U SA

Kyotoprotokollen fordelar utsleppsreduksjonar

mellom industriland for

målperioden 2008-2012. Avtalen opnar

for prinsippet om differensiering av klimamål

ettersom partane har teke på seg

ulike prosentvise reduksjonsmål (sjå tabell

1). Utviklingslanda fekk ingen krav

om utsleppsreduksjonar. Protokollen vil

fyrst tre i kraft når tilstrekkeleg mange

land har ratifisert den.

Det var ingen veldefinert metode, men

forhandlingar, som avgjorde byrdefordelinga

i Kyotoprotokollen. Når forhandlingar

om klimamål etter 2012 kjem opp, vil ei

meir systematisk tilnærming til byrdefordeling

vere nødvendig, ikkje minst for å

kunne involvere og få utviklingsland til å

ta på seg bindande utsleppsmål.

Dette er bakgrunnen for studien

CICERO har gjennomført for Nordisk Ministerråd

(CICERO Report 1999:5 ”A

survey of differentiation methods for national

greenhouse gas reduction targets”).

Byrdefordelingsmetodane

Rapporten gjev ein oversikt over metodar

for byrdefordeling som er foreslått i

forhandlingane som leidde fram til

Kyotoprotokollen og den såkalla

Triptique-tilnærminga for å differensiere

mål mellom medlemsstatane i EU, i

tillegg til idear frå den akademiske litteraturen.

Rapporten presenterer

illustrasjonar av nokre av metodane for

landa i Austersjø-området, samt Noreg

og Island, og peikar ut dei forslaga og

metodane som er mest lovande å byggje

på for framtidige forhandlingar.

Fire kriterium er brukt for å vurdere

kor nyttige forslaga eller metodane er

for framtidige klimaforhandlingar. Desse

kriteria er:

· Politisk aksept

· I kva grad metoden kan brukast i ein

forhandlingssituasjon

· Regional eller global relevans

· Potensialet for å utvikle metoden

vidare.

Dei fem mest interessante metodane

er vist i tabell 2.

Austersjø-området

For å samanlikne differensieringskonsekvensane

av dei mest interessante

forslaga har vi laga nokre numeriske

illustrasjonar for landa i Austersjø-området

(Danmark, Finland, Sverige, Estland,

Latvia, Litauen, Tyskland, Polen og

Russland), samt Noreg og Island. Med

utgangspunkt i reduksjonsmåla frå

Kyotoprotokollen for disse landa har vi

samanlikna byrdefordelingskonsekvensane

for kvart land og kvart forslag.

Samanlikninga er basert på fordelinga av

prosentvise reduksjonsmål mellom landa

i regionen.

I illustrasjonane blir rettferdsprinsippa

i tabell 3 brukt for å differensiere

utsleppsmåla mellom landa. Vidare

har vi teke med illustrasjonar for det

andre japanske forslaget, det franske forslaget,

og det norske forslaget. Vi har

ingen illustrasjonar for dei meir kompliserte

forslaga frå Brasil og EU.

Når vi samanliknar byrdefordelingskonsekvensane

i tabell 3, finn vi at spennet

mellom dei største og minste

reduksjonsmåla er mykje større for dei

enkle rettferdsprinsippa ”egalitaritet” og

”betalingsevne” enn for dei tre forslaga

frå klimaforhandlingane i tabell 2. I dei

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!