11.05.2015 Views

CICERONE

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

det siste særleg i samarbeid med

Canada.

Japan – som stilte med ein

stor delegasjon på 80 mann - var

særleg oppteke av å motarbeide

eit juridisk bindande regime for

handheving av Kyotoprotokollen.

I byrjinga av prosessen uttrykte

landet eit ynske om å utsetje

den juridiske formuleringa av

hand hevingsreglane til det fyrste

parts møtet til Kyotoprotokollen.

Særleg var Japan motstandar

av koplinga mellom etterleving

og høve til å bruke Kyotomekanismane.

Til tross for motstanden

frå Japan, Russland og

Australia blei likevel dei fleste

vedtaka knytt til eit relativt strengt

handhevingsregimet gjort. Fastsetjinga

av den juridiske forma

på krava til etterleving i forhold

til inter nasjonal lov vart likevel

utsett til det fyrste partsmøtet

til Kyotoprotokollen gjennom eit

kompromiss mellom EU og dei

andre store industri landa.

Australia og Canada arbeidde

også imot bindande reglar for

handhevingsregimet og seinka

for handlingsprosessen gjennom

man ge kommentarar og protestar

under diskusjonen av

ut forminga av Kyotomekanismane

og hand hevingsregimet.

Noreg og EU-landa markerte

seg på den andre sida gjennom

å forsvare strenge reglar for

handhevingsregimet.

Marrakesh-avtalen fullfører på

mange måtar utviklinga frå Haagkonferansen

i fjor haust til Bonnkonferansen

i sommar ved at dei

mest gjenstridige landa i stor grad

fekk i gjennom viljen sin slik at

Kyoto protokollen vart ytterlegare

svekka. (Sjå Cicerone 4-2001).

Når vil Kyotoprotokollen tre i kraft?

Mange land ser det som eit mål

å få Kyotoprotokollen til å tre i

kraft til toppmøtet ”Rio pluss ti” i

september 2002. Eit slikt skjema

er optimistisk, men protokollen

er klar for ratifisering og kan tre

i kraft i løpet av neste år. Så

langt har 42 utviklingsland og

eit industrialisert land (Romania)

ratifisert Kyotoprotokollen. Fleire

industrialiserte land vil etter

Marrakesh-møtet for alvor starte

arbeidet med ratifisering. Den

neste partskonferansen til

Klima konvensjonen blir avvikla

23. oktober til 1. november 2002,

sannsynlegvis i New Dehli i

India.

Viktige vedtak i Marrakesh-avtalen

Bakgrunnen for vedtaka er kompromisset frå Bonn i sommar

(sjå Cicerone 4-2001).

Kyoto-mekanismane

Eit vanskeleg spørsmål i forhandlingane var om

kvotar frå Kyoto-mekanismane (kvotehandel, felles

gjennomføring, og den grøne utviklingsmekanismen)

fullt ut skulle kunne brukast for å oppfylle eit land

sitt Kyoto-mål (som er utsleppet i 1990 justert med

ein viss prosent), inklusive sparing av eit eventuelt

overskot til neste målperiode under Kyotoprotokollen

(sannsynlegvis 2013-17). Gruppa av utviklingsland

(G77/Kina) ville at kvotar frå Kyoto-mekanismane

ikkje skal inngå i den nasjonale rekneskapen som eit

grunnlag for å overføre kvotar til neste målperiode

dersom samla kvotevolum ligg over Kyoto-målet.

Industrilanda ville at alle kvotar skal telje med på same

måte enten dei kjem frå innanlandske kutt eller frå bruk

av Kyoto-mekanismane, slik at eit eventuelt overskot

skal kunne overførast til neste målperiode uavhengig

av kva type kvotar som inngår. Kompromisset vart ei

særordning for kvotar frå skog- og jordbrukstiltak

i industriland. Desse kvotane fekk namnet ’removal

units’ (RMU) og kan ikkje sparast og overførast til

neste målperiode. Men for eit land tel skog- og

jordbrukskvotar likt med dei nasjonale kvotane som er

tildelt gjennom Kyoto-målet og kvotar kjøpt gjennom

Kyoto-mekanismane når det gjeld oppfylling av Kyotomålet

i perioden 2008-12. Dermed kan skog- og

jordbrukskvotar indirekte overførast til neste målperiode

dersom eit land samla sett har fleire kvotar enn

Kyoto-målet slik at overskotet kan sparast. . Likevel er

det ei øvre grense på overføring av kvotar frå felles

gjennomføring og den grøne utviklingsmekanismen til

neste målperiode som for kvar av mekanismane er lik

2,5 % av Kyoto-målet.

Bruk av Kyoto-mekanismane krev at eit land oppfyller

dei krava som ligg inne i prosedyren for rapportering

som vart vedteke. Det blir oppretta eit liknande

kontrollorgan for felles gjennomføring (’Supervisory

committee for joint implementation’) som for den

grøne utviklingsmekanismen (’Executive board of the

clean development mechanism’).

Prosjekt under den grøne utviklingsmekanismen kan

godskrivast frå og med 1. januar 2000 dersom dei er

innsendt for registrering før utgangen av 2005. Felles

gjennomføringsprosjekt som har starta i 2000 eller

seinare er relevante, men godskriving av kvotar kan fyrst

starte frå og med 2008. Kvotereserven (‘commitment

period reserve’) som ligg inne i Bonn-avtalen skal

gjelde kvotar frå internasjonal kvotehandel, kvotar

frå felles gjennomføring, kvotar under den grøne

utviklingsmekanismen, så vel som kvotar frå skog- og

jordbruksprosjekt (RMU).

Skog og arealbruk

Russland utnytta sin nøkkelposisjon i ratifiseringsprosessen

til å presse igjennom at landet sitt tak på tonn

karbonbinding som kan førast opp under skogtiltak blir

om lag dobla, frå 17,63 til 33 millionar tonn karbon per

år.

Handheving

Det blir oppretta ein handhevingskomite med 20

medlemar. Komiteen er inndelt i eit byrå, ei avdeling

for tilrettelegging (’facilitative branch’) og ei avdeling

for gjennomføring (’enforcement branch’). Kvar av

avdelingane har eit medlem frå kvar av dei fem

FN-regionane, eit medlem frå gruppa av små øystatar,

to medlemar frå industrialiserte land, og to medlemar

frå utviklingsland. Dersom eit land ikkje oppfyller Kyotomålet

sitt, rapporteringsplikta si, eller krava for å bruke

dei fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen kan

landet møte sanksjonar i form av ein strafferente på

30 % på det manglande volumet av klimagassar. I

tillegg kan landet miste retten til å selje kvotar på den

internasjonale kvotemarknaden (under Artikkel 17 i

Kyotoprotokollen). Dette betyr at eit land som til dømes

har 10 millionar tonn for stort utslepp i 2008-12 må

redusere utsleppa i neste målperiode med 13 millionar

tonn i tillegg til målet for neste målperiode. Landet må

også lage ein plan for å gjenopprette den manglande

oppfyllinga av Kyotoprotokollen.

Etter harde forhandlingar og japansk press slår

Marrakesh-avtalen fast at det er opp til det fyrste

partsmøtet til Kyotoprotokollen å bestemme den

juridiske forma på prosedyrar og mekanismar knytt til

handheving av Kyotoprotokollen.

Cicerone 6/2001 • 5

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!