11.05.2015 Views

CICERONE

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Grøn avtale

i det blå

Partskonferansen i Haag måtte avbrytast

utan at nokon vedtak vart fatta. Det var i

viktige spørsmål som regelverk for sluk for

karbondioksid i skog og landbruk, og for

kvotehandel, at avstanden mellom partane

var størst. Samanbrotet har skapt ny uvisse

om Kyotoprotokollen sin framtid, sjølv om

klimaforhandlingane venteleg vil halde fram

i mai neste år.

GAV OPP: EU ønska ein strengare klimaavtale enn USA.Forhandlingspartane godtok ikkje

kompromissforslaget COP6-president Jan Pronk la fram, og gav opp forsøket på å finne ein

avtale i Haag.

Photo courtesy of Leila Mead/IISD

Asbjørn Torvanger

Forhandlarar frå 182 land var samla i den

nederlandske byen for å bli samde om korleis

vi skal redusere utsleppa av karbondioksid

og andre klimagassar. Dei skulle bli

samde om reglane for gjennomføringa av

Kyotoprotokollen frå 1997. I følgje denne

avtalen skal industrilanda i perioden 2008-

12 redusere sine klimagassutslepp med vel

5% samanlikna med 1990. Til dømes skal

EU samla redusere sine utslepp med 8%,

medan Noreg kan auke utsleppa med 1%.

Landa kan nå måla gjennom innanlandske

tiltak eller gjennom samarbeid med andre

land.

Pessimistane som trudde at det på denne

sjette partskonferansen til Klimakonvensjonen

ikkje ville vere mogeleg å komme

fram til ein avtale fekk rett. Klimaforhandlingane

stranda hovudsakleg på to

punkt, der USA og EU sto steilt mot kvarandre:

reglar for Kyotomekanismane (kvotehandel,

felles gjennomføring, og den grøne

utviklingsmekanismen), som opnar for

samarbeid om klimatiltak mellom land, og

spørsmålet om i kva grad eit land kan

krevje "frådrag" for vekst i skogen sin

(sidan tre bind karbondioksid).

I tillegg hadde forhandlarane komme

for kort i å bli samde om talrike detaljar og

meir tekniske spørsmål før ministrane kom

for å skjere igjennom viktige uløyste spørsmål

og gjere endelege vedtak. Forhandlingsprosessen

tek lang tid når regionale

grupper som u-landsgruppa G77/Kina og

2 • Cicerone 6/2000

EU brukar lang tid på intern avklaring før

dei kan møtast til forhandlingar mellom

gruppene. Presidenten for partskonferansen,

den nederlandske miljøvernministeren

Jan Pronk, prøvde å få partane til å forhandle

ut frå eit kompromiss han la på

bordet torsdag kveld, mindre enn to døgn

før møtet skulle avsluttast. Notatet delte

forhandlingstema inn i fire hovudgrupper:

a) Kapasitetsbygging, overføring av teknologi,

tiltak for å verne utviklingsland mot

klimaendringar og negative utslag av klimapolitikk,

samt finansiering av desse tiltaka;

b) Kyotomekanismene (som gjev industriland

rett til å innfri sine reduksjonsmål ved

å kjøpe kvotar frå andre land eller ved å

investere i tiltak i andre land som gjev utslepps-kredittar);

og

c) Arealbruk, endringar i arealbruk og

skogbruk; og

d) Klimatiltak (”Policies and measures”),

handheving av Kyotoprotokollen, og rapportering

og verifisering.

Nær norske posisjonar

Inntrykket er at Pronk strekte seg langt i

kompromissforslaget for at USA skulle

kunne godta det. Forslaget låg også nær

opp til norske posisjonar på mange område.

Noreg spelte ein aktiv rolle i forsøket

på å finne eit kompromiss. Miljøvernminister

Siri Bjerke leia ei gruppe som det

siste døgnet prøvde å få til eit kompromiss

mellom EU og USA om karbondioksidsluk

i skog og reglar for Kyoto-mekanismane.

Men den rørsla ein kunne observere i nokre

posisjonar var likevel for liten. President

Pronk skal sondere med partane med

sikte på å halde fram partskonferansen

som måtte avbrytast i Haag. Sannsynlegvis

vil del to av partskonferansen bli lagt til

Bonn i mai/juni neste vår i samband med

møta i spesialorgana til Klimakonvensjonen,

SBSTA og SBI.

Skog og andre sluk for karbondioksid

Spørsmålet om karbonsluk viste seg å bli

det vanskelegaste punktet i forhandlingane.

USA, Canada og Japan ville ha eit

mildt regelverk knytt til artiklane 3.3 (nyplanting,

gjenplanting og hogst av skog) og

3.4 (binding og utslepp av karbondioksid

frå andre aktivitetar, slik som jordbruk) i

Kyotoprotokollen. Dette ville medføre at

ein stor del av Kyoto-målet i mange land

kan oppfyllast gjennom binding av karbondioksid,

blant anna gjennom naturleg

tilvekst i skogen som ikkje følgjer av spesielle

tiltak. Dette ynsket vart sterkt imøtegått

av EU, Noreg og dei fleste utviklings-

Asbjørn Torvanger

er forskningsleiar ved CICERO Senter

for klimaforskning

(asbjorn.torvanger@cicero.uio.no)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!