11.05.2015 Views

CICERONE

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

CICERONE nr.3/99 23

- Ynskjeleg med eit betre konsept enn GWP

Post doc. Gunnar Myhre, ved

Institutt for Geofysikk ved Universitetet

i Oslo, er ein av

hovudforfattarane av kapitlet

som omhandlar GWP i den nye

hovudrapporten frå FNs klimapanel

(IPCC). I dette intervjuet

kommenterer han GWP-konseptet.

- Kva var motivasjonen bak GWP?

- Ozone Depleting Potentials (ODP)

hadde vore flittig i bruk i Montrealprotokollen

for å samanlikne KFK

gassar og ein fann at ein trengde ein

liknande indeks for å samanlikne

klimagassar. GWP vart med dette etablert

for tre tidshorisontar for å seie

noko om kva innverknad dei ulike gassane

har over tid i høve til CO 2

. Ein lang

tidshorisont skal reflektere

klimaendringar på lang sikt som t.d.

havauke. Ein kort tidshorisont vil reflektere

raske klimaendringar.

- Korleis blir GWP brukt i praksis?

- GWP kan både brukast og misbrukast.

Det er heller tilfeldig at ein har komme

opp med dei tre tidshorisontane 20,

100 og 500 år. Ut frå dette vel ein

gjerne det som ligg i midten, nemleg

100 år. Dette mindre velfunderte valet

vart gjort i prosessen i førekant av

Kyoto.

- Det er vel grunn til å anta at det ikkje er

vilkårleg kva gassar ein vel å redusere

m.o.t. klimaendring som til dømes endring

i temperatur. Kva konsekvensar har dette?

- Dette har vore diskutert i fagmiljøet

og ein er klar over denne svake sida. Er

det slik at like store utslepp av ulike

gassar i CO 2

-ekvivalentar ikkje gjev lik

klimaendring, vil konseptet misse noko

av sin primære funksjon, nemleg å seie

noko om kvar enkelt gass sitt

oppvarmingspotensial. Det kan til tider

være eit bytteforhold mellom

vitskapleg truverd og kor lett i bruk

verktyet skal være. Slik GWP blir brukt

i Kyotoprotokollen, er indeksen meint

å reflektere skade i forhold til

GWP: Gunnar Myhre er ein av forfattarane av kapitlet om GWP i den nye

hovudrapporten frå FNs klimapanel (IPCC). (Foto: Reidar Evensen.)

referansegassen CO 2

. Om det skulle vise

seg at dette ikkje held mål, vil det likevel

resultere i små feil vi kan leve med.

- Kva praktisk konsekvens har dette?

- Det er viktig å få i gang avtalar. Med

dette vil ein velje å sjå bort frå at indeksen

faktisk ikkje reflekterer eit lineært

forhold mellom strålingspådriv og

temperaturendring. Det er på den politiske

arena ein brukar GWP. I den politiske

prosessen blir GWP brukt til å

fastsette reduksjonstiltak på klimagassar

i høve til Kyoto-kravet. GWP blir dermed

eit verkty for å avklare eit politiske

spel. Dette spelet inkluderer aktører,

Anneks B-land med utsleppskrav, som

ynskjer å redusere den gassen som det

viser seg er kostnadseffektivt å redusere

nasjonalt. GWP gjer det enkelt å

konvertere utslepp frå til dømes metan

over til CO 2

- ekvivalensar.

- Er ein kritisk til bruken av GWP konseptet

i fagmiljøet?

- Det eksisterer svært få skriftlege arbeid

på GWP. Sidan innføringa i 1990

har det ikkje vore noko ”eigenutvikling”

av konseptet i IPCC. Då hovudrapporten

nettopp er samansett av ny klimaforsking,

er det lite truleg at den tredje

hovudrapporten vil inkludere noko

anna enn det ein såg i den andre rapporten.

GWP blir i dag i liten grad

brukt i større klimamodellar. Blant

klimaforskarar er det vanleg å nytte

andre metodar for å finne effekten av

utslepp av ulike klimagassar. I desse vil

ein då kunne inkludere indirekte

effektar knytt til utsleppet som GWP

ikkje omfattar.

- Er det realistisk å tru at ein annan indeks

vil kunne erstatte GWP?

- Ein har nok i IPCC vært klar over

svake sider ved GWP, men ein har ikkje

noko betre alternativ. Det blir slik at det

blir betre å bruke det, enn ikkje å bruke

det. Når det i tillegg er brukt i

Kyotoprotokollen, er det vanskeleg å

erstatte indeksen. Går ein bort frå konseptet

vil dette resultere i at ein må

konsentrere reduksjonstiltak einsidig på

gassen CO 2

. Ynskjer ein å inkludere

andre gassar, må ein nytte GWP for å

rekne utsleppa om i CO 2

-ekvivalensar.

Det er likevel ikkje tvil om at det er

ynskjeleg med eit betre konsept.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!