11.05.2015 Views

CICERONE

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

4

CICERONE nr. 6/99

COP5: Girskifte i Bonn

Klimaforhandlingane kom eit godt stykke vidare

Gjennomføringa av arbeidsplanen

frå Buenos Aires i fjor tok eit godt

skritt framover under det femte

partsmøtet til Klimakonvensjonen

(COP5), som vart arrangert i

Bonn, Tyskland, i månadsskiftet

oktober/november. Partane la inn

eit nytt gir i forhandlingane gjennom

å vedta ein intensivert

arbeidsplan for det kommande

året. Målet med arbeidsplanen er å

vedta utfyllande reglar for

Kyotoprotokollen på COP6 hausten

2000.

Av Asbjørn Torvanger

Atmosfæren under forhandlingane var

denne gongen meir prega av sakleg diskusjon

enn av politiske markeringar.

Utsiktene for at partane kjem i mål med

arbeidsplanen frå Buenos Aires er difor

lysare enn før. Viljen til å arbeide mot å få

gjort dei nødvendige vedtaka på COP6

ser ut til å vere til stades hos dei fleste

partane.

Mange partar meinte at målet må

vere å få Kyotoprotokollen til å tre i kraft

innan tiårsmarkeringa av Klimakonvensjonen

(UNFCCC) i Rio

(Rio+10), det vil seie i juni 2002. Men

det er svært mange spørsmål som står

igjen og som vil krevje stor forhandlingsinnsats

det neste året.

Det viktigaste resultatet frå COP5 er

den viljen som vart signalisert til å komme

i mål med arbeidsplanen frå Buenos Aires.

Den nyvalde presidenten for COP5,

den polske miljøvernministeren Jan

Szyzsko, har fått vide fullmakter til å føre

forhandlingsprosessen vidare framover

mot COP6.

Elles kan vi merke oss at Noreg har

fått ein framståande posisjon ved at den

norske delegasjonsleiaren Harald Dovland

vart valt til formann i Subsidiary

Body on Scientific and Technological

Advice (SBSTA).

COP5: Det viktigaste resultatet frå klimaforhandlingene i Bonn er den viljen

som vart signalisert til å komme i mål med arbeidsplanen frå Buenos Aires.

(Foto: Kjetil B. Alstadheim, Dagens Næringsliv.)

Kyotomekanismane

Fristen for å komme med fleire forslag for

utforming av regelverket for Kyotomekanismane;

kvotehandel, felles gjennomføring

(Joint Implementation, JI) og

den grøne utviklingsmekanismen (Clean

Development Mechanism, CDM) vart

sett til 31.1.00. Vidare var ein samde om

å gje høgast prioritet til CDM.

Det finst ein svært førebels forhandlingstekst

som er laga av formannen

i kontaktgruppa for mekanismane.

EU sitt framlegg om tak på mekanismane

ligg inne, men vart i lag med mange

andre vanskelege saker ikkje forhandla

under COP5.

Etter at utviklingslanda har lært meir

om CDM og fordelar dei kan få av å selje

CDM-prosjekt og få tilgang til ny teknologi,

ser det ut til at mange av dei har fått

ei meir positiv haldning til denne mekanismen.

Eit nytt tema som kom opp var om

kjernekraft-prosjekt skal kunne

aksepterast under CDM. Canada og

nokre andre land med kjernekraft ser

eit potensial i å eksportere kjernekraftteknologi

som kunne gje eksportørane

tilgang til klimagasskvotar gjennom

CDM. Mange andre land var i mot å ta

med kjernekraft-prosjekt under CDM

og felles gjennomføring.

Activities Implemented Jointly

På den fyrste partskonferansen til Klimakonvensjonen

i Berlin i 1995 vart partane

samde om å opprette ein pilotfase for

felles gjennomføringsprosjekt som skulle

vare ut 1999. Alle land kan delta i slike

prosjekt, men dei vil ikkje gje grunnlag

for kreditering.

Prosjekta i pilotfasen fekk namnet

Activities Implemented Jointly (AIJ).

COP5 vedtok å forlenge AIJ-fasen ut

over slutten av det inneverande tiåret.

Ein skal prøve å få til geografisk balanse

i prosjekta, noko som medfører at prosjekt

i Afrika og på små øystatar bør

prioriterast framover.

Nasjonal rapportering

Det vart gjort store framskritt på rapportering

frå partane under COP5. Eit sett

med retningslinjer for nasjonal rapportering

vart vedtekne. Rapporteringa frå

industrilanda (som er lista under Anneks

I i Klimakonvensjonen) skal

innehalde ein årleg oversikt over utslepp

av klimagassar, samt ei større nasjonal

rapportering om forventa utslepp og tiltak

for å redusere utsleppa med nokre

års mellomrom.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!