11.05.2015 Views

CICERONE

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

28

KlimaProg

Figur 1a: Gjennomsnittleg

volumblandingsforhold av sulfat gjeve i

ppt(v) (parts per trillion) : Antall molekyler av

ein gass per 1 tusen milliarder luftmolekyler)

utan konvektiv transport. Høgda er gjeve

i hektopascal (hPa) kor til dømes 500 hPa

tilsvarer ei høgde på om lag 5500 meter og

100 hPa tilsvarer om lag 16 000 meter.

Figur 1b: Gjennomsnittleg

volumblandingsforhold av sulfat med full

konvektiv transport.

Figur 1c: Gjennomsnittleg

volumblandingsforhold av sulfat med 10

prosent konvektiv transport.

innhald). Skyene er likevel svært viktige å

modellere godt, både for strålingsbalansen

i modell ane og for å få korrekt nedbør.

Som om ikkje dette er nok, er også

skyer svært viktige for fordelinga og

mengda av aerosolar i atmosfæren. Eit

døme er kjemiske prosessar i skydråpar.

Svoveldioksid (SO 2

) kan oksidere inne

i vassdråpar og danne sulfat. Dersom

dråpen fordampar, vil ein få igjen ein

partikkel. Dersom skydråpen ikkje fordampar,

men blir ein regndråpe som fell

til bakken, vil skya i staden for å vere

ein produsent av partiklar vere eit sluk.

Utvaskinga frå skyer og nedbør gjev det

viktigaste atmosfæriske tapet av aerosolar.

I tillegg til produksjon og tap fungerer

også skyer som ein effektiv miksar

for aerosoltypar. Ulike typar aerosolar

kolliderer med skydråpar og blir blanda

saman.

Luftrørsla i skyer er også viktig for å

fordele aerosolar i atmosfæren. Særleg i

djupe bygeskyer (konvektive skyer) finn

ein kraftige straumer oppover og nedover,

med kraftig turbulens og blanding mellom

skya og omkringliggjande luft. For djupe

konvektive skyer, som strekk seg frå nær

bakken og opp til over 10 kilometers

høgde, kan desse fungere som ein effektiv

”heis” som frakter gassar og aerosolar til

toppen av troposfæren. Dette er likevel

ikkje heile biletet, for i ei djup konvektiv

sky er vassmengda stor, ein finn høge

nedbørsrater og sterke nedsynkingar i

sam band med dette. Dermed skjer det

også ei kraftig utvasking og transport

nedover. Netto produksjon og transport

blir eit resultat av små differansar mellom

store ledd i likningane. Ei ubalanse i

modelleringa av prosessane kan dermed

føre til store feil. Målingar i høgare luftlag

er få og dyre å gjennomføre, men det

synes som om dei fleste klimamodellar

har for mykje aerosolar i øvre atmosfære

(COSAM 2001).

I vår artikkel (Iversen & Seland,

2002) presenterer vi mellom anna nokre

resultat frå tre eksperiment der vi har

variert den konvektive transporten i ein

aerosolmodell, inkludert i den globale

atmosfæriske klimamodellen CCM3.

Resul tata er samanlikna med målingar

(sjå boks om modellen).

Konveksjonstestar

Konveksjon er karakterisert med rask

vertikal utveksling av luft innan djupe

luftlag. I samband med dette blir det

ofte danna bygeskyer med kraftig nedbør.

Sjølv om ein får betre samanlikningar

med målingar ved å kutte ut modelleringa

av konvektiv transport, fjernar ein då ein

viktig fysisk prosess frå modellen. For å

studere effekten av dette har vi utført

tre sensitivitetseksperiment. I tillegg til

hovudkøyringa utan konvektiv transport

har vi gjort ei simulering med full

konvektiv transport og ei med full transport,

men berre 10 prosent av aero solane

blir transportert. Det siste eksperimentet

er tenkt å vere nærare ei realistisk

skildring av atmosfæren der utvekslinga

mellom oppstigande og omkringliggande

luft ikkje berre skjer i toppen av skya.

Figur 1 viser gjennomsnittlege konsentrasjonar

av sulfat vist som eit

blandingsforhold, som funksjon av høgde

og breiddegrad. Basiskøyringa utan

konveksjon gjev ein kraftig reduksjon i

blandingsforholdet med høgda og alt i 500

hPa (ca. 5500 m) er blandingsforholdet

i tropene mindre enn 10 prosent av det

nær bakken. Med full konveksjon får ein

ei effektiv blanding i heile troposfæren

i tropene, og også kraftig transport mot

høgare bredder. Eksperimentet der ein

transporterer 10 prosent av massen gjev

også eit markert utslag, og konsentrasjonen

i 500 hPa er meir enn det doble

enn utan konvektiv transport.

Kva så med målingar? Figur 2 gjev

ei samanlikning med målingar i tre

Cicerone nr. 2/2002

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!