11.05.2015 Views

CICERONE

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

FNs klimapanel minskar

klimauvisse

Gunnar Myhre og Terje Berntsen er to av forfattarane bak FNs

klimapanels siste rapport. Dei er glade for at klimadebatten no

kan ta eit steg vidare.

Silje Pileberg

Klimaforskarane har ant det i mange år:

Store delar av den globale oppvarminga er

menneskeskapt. Men kritiske røyster har

protestert.

– Skeptikarane har fått altfor mykje plass i

media i forhold til kor få dei faktisk er og

kor dårleg grunnlag mange har for kritikken.

Men media har ofte ønska ei framstilling

der begge sider får komme til orde, og

dette har forstyrra biletet, meiner Gunnar

Myhre.

Ved FNs klimapanels tredje rapport,

som kom i 2001, vart det karakterisert som

60 prosent sannsynleg at klimaendringane

dei siste femti åra er menneskeskapte. I

panelets fjerde rapport som vart lagt fram

2. februar, var sannsynet over 90 prosent.

– Når forskarar karakteriserer det som

90 prosent sannsynleg at mesteparten av

klimaendringane er menneskeskapte, er

dei omtrent så sikre som ein kan rekne

med at forskarar nokon gong blir, slår Terje

Berntsen fast.

– No kan vi gå bort frå den diskusjonen,

og heller diskutere kva vi skal gjere med

problemet, seier Gunnar Myhre.

Varmare enn før

Berntsen og Myhre er begge meteorologar

og tilsette ved CICERO Senter for klimaforskning

og Universitetet i Oslo. Dei er to

av fem norske forskarar som var forfattarar

Silje Pileberg

er informasjonskonsulent ved CICERO Senter

for klimaforskning (s.i.pileberg@cicero.uio.no).

Forskjell i ºC fra 1961 - 1990

0.6

0.4

0.2

0.0

-0.2

-0.4

-0.6

-0.8

Middeltemperatur

Lineær økning i periode:

150 år

100 år

50 år

25 år

1860 1880 1900 1920 1940 1960 1980 2000

Global middeltemperatur

Global middeltemperatur (ºC)

14.6

Kilde: FNs klimapanel, 2007

Global middeltemperatur. Aksen til høyre viser global middeltemperatur basert på målinger. Aksen til venstre viser temperaturavvik

sammenlignet med gjennomsnittet fra 1961 til 1990. Lineære trender er vist for de siste 25 (grønn), 50 (lys blå), 100 (beige)

og 150 år (mørk blå). Disse trendene illustrerer at global oppvarming skjer stadig hurtigere. (Kilde: IPCC-delrapport 1, figuren er

forenklet av SFT).

14.4

14.2

14.0

13.8

13.6

13.4

13.2

av første delrapport av FNs klimapanels

fjerde rapport. Sidan 2004 har dei jobba

med kapittel to i rapporten, som omhandlar

endringar i samansetninga i atmosfæren

og strålingspådriv. Strålingspådriv

er ei endring i netto vertikal stråling og

uttrykkast i Watt per kvadratmeter. Måleeininga

viser oppvarmingseffekten til ulike

klimafaktorar, både naturlege og menneskeskapte.

Konsentrasjonar av drivhusgassar

er ein klimafaktor som har positivt

strålingspådriv, altså ein oppvarmande

effekt.

Gunnar Myhre peikar på at CO 2

strålingspådrivet auka sidan FNs klimapanels

tredje rapport, som kom i 2001.

Pådrivet har auka med 0,2 Watt per

kvadratmeter og er no oppe i 1,7. Det betyr

at det er meir CO 2

i atmosfæren enn før og

at dette fører til ei auka oppvarming.

Tidsperspektiv

Forskarane har gått gjennom forsking som

er blitt publisert på feltet med eit kritisk

blikk.

– Forsking på dette er ikkje uproblematisk.

Ein må sjå på kor mykje infraraud stråling

kvart molekyl i ein gass absorberer. Men

for å finne ut kor stor oppvarming ein

gass medfører, må ein må også studere

4 • Cicerone 1/2007

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!