11.05.2015 Views

CICERONE

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Asbjørn Torvanger

er forskningsleder ved

CICERO Senter for klimaforskning

(asbjorn.torvanger@cicero.uio.no)

middel er eit argument for berre å bruke

frivillige avtaler som eit supplement til andre

verkemiddel.

Akademiske studiar

Det finst få akademiske studiar av frivillige

avtaler som miljøpolitisk verkemiddel.

I CICERO sin studie brukte vi ein såkalla

prinsipal-agent modell til å studere korleis

ein kan utforme frivillige avtaler på ein

måte som gjer verkemiddelet meir effektivt

i eit tilfelle der ei bedrift (agenten) veit

meir om reinsekostnaden sin enn styresmaktene

(prinsipalen) gjer. I ein slik situasjon

kan den frivillige avtalen lett bli for

svak, slik at miljøinnsatsen blir for liten.

Eller den kan bli for sterk, slik at bedrifta

flytter til andre land eller går konkurs. Eit

godt alternativ for styresmaktene kan då

vere å la bedrifta eller bransjen velje mellom

ulike frivillige avtaler, der kvart alternativ

er ein kombinasjon av eit miljømål

og ei finansiell overføring til bedrifta. Når

bedrifta vel den avtalen som er best for

seg, kan ein samstundes oppnå eit miljømål

som i samfunnsøkonomisk forstand

er betre enn det som er mogeleg å oppnå

gjennom ein vanleg frivillig avtale eller

gjennom andre verkemiddel.

Frivillige avtaler kan oppfattast som ein

ufullstendig kontrakt mellom ein bransje

og styresmaktene. Vi analyserte difor frivillige

avtaler i lys av den økonomisk

teoriretninga ufullstendige kontrakter. Eit

par idéar frå denne studien er at slike avtaler

blir samfunnsøkonomisk sett meir effektive

dersom bransjen får ein subsidie

om målet blir overoppfylt, og eit gebyr

dersom målet ikkje blir nådd. Kjell Sunnevåg

kom fram til eit liknande resultat i

SNF sitt delprosjekt om frivillige avtaler

og incitament for innovasjonar. Ut frå teorien

om ufullstendige kontrakter er ein

anna metode å utforme ein frivillig avtale

slik at både bransjen og styresmaktene får

fordelar av investeringar i reduserte utslepp

av miljøskadeleg stoff, til dømes

gjennom investeringar i energisparing som

sparer både utslepp og energikostnader.

I eit anna delprosjekt studerte Rolf

Golombek og Espen Moen frå

Frischsenteret gjennomføringa av ein frivillige

avtale i ein bransje. Dei finn at forholda

i bransjen kan påverke den interne

fordelinga av miljømål i bransjen. Fordelinga

kan bli samfunnsøkonomisk

uoptimal ved at store bedrifter reinser for

mykje medan små bedrifter reinser for lite.

Mellom land

Frivillige avtaler kan strekkje seg over

landegrenser. I ein bilateral avtale inngår

styresmaktene ein avtale med ein bransje i

eit naboland for å kontrollere eit miljøproblem

som rammar det fyrste landet. Ein

slik avtale frå 1991 regulerer utslepp til

Rhinen, og vart inngått mellom byen Rotterdam

ved utløpet av Rhinen og kjemisk

industri i Tyskland. Bilaterale frivillige avtaler

må byggje på ei generell forståing eller

avtale mellom dei to landa. Slike avtaler

kan vere interessante ved svak miljøregulering

i nabolandet eller dersom nabolandet

eksporterer mesteparten av ureininga

og den ikkje blir fanga opp av internasjonale

avtaler, eller dersom nabolandet

prioriterer miljøspørsmål lavt.

Ein regional frivillig avtale er oppretta

mellom ei regional styresmakt og ein bransje

i ei gruppe land, til dømes mellom EUkommisjonen

og bilindustrien i EU-land.

Fram til no finst det tre slike avtaler i EU.

Desse omfattar utfasing av KFK, merking

av reinsemiddel, og reduserte karbondioksid-utslepp

(CO 2

) frå nye bilar. Slike avtaler

passer dårleg inn i EU sitt reguleringsregime

fordi dette er lovbasert. Ein ulempe

med vanleg frivillige avtaler er at bransjane

(og bedriftene) kan få ulike rammevilkår

på miljøområdet, slik at ein endar opp

langt unna like konkurransevilkår. Ein regional

frivillig avtale kan derimot auke

graden av harmonisering i rammevilkåra

for bedriftene, og såleis ha samfunnsøkonomiske

fordelar i form av meir effektive

marknader og lavare reguleringskostnad

for samfunnet enn ved vanlege frivillige

avtaler eller direkte regulering.

Frivillige avtaler i klimapolitikken?

For dei landa som har lagt vekt på frivillige

avtaler i klimapolitikken sin kan avtalene

”Institusjonelle vilkår for frivillige avtaler”

Artikkelen er basert på CICERO-prosjektet

”Institusjonelle vilkår for frivillige

avtaler” som vart finansiert gjennom

NFR-programmet SAMRAM

(”Samfunnsmessige rammebetingelser

og virkemidler for norsk energi- og

miljøpolitikk”) i 1997-99. Dette prosjektet

var ein del av samarbeidsprosjektet

”Frivillige avtaler i miljøpolitikken”

mellom CICERO,

Frischsenteret (”Frivillige avtaler og

strategisk adferd”) og SNF (”Frivillige

fungere som eit skritt mot full gjennomføring

av mekanismane i Kyotoprotokollen,

nemleg internasjonal kvotehandel, felles

gjennomføring og den grøne utviklingsmekanismen

(CDM). Eit fellestrekk ved

frivillige avtaler, felles gjennomføring og

CDM er at dei er prosjektbaserte. Det vil

seie at dei er knytt til eit bestemt prosjekt

og ein bestemt teknologi og bedrift, i

motsetnad til kvotehandel. Det som skil

desse verkemidla er at det finst ein marknad

for desse såkalla Kyotomekanismane,

men ikkje for "kvotar" definert gjennom

ein frivillig avtale.

Utgangspunktet er at ein frivillig avtale

definerer ein utsleppskvote for til dømes

klimagassen karbondioksid. Ved å gje

løyve til at denne kvoten kan omsetjast på

ein marknad, kan styresmaktene la kvoten

inngå i ein nasjonal kvotemarknad. I neste

etappe kan den nasjonale kvotemarknaden

koplast opp mot ein internasjonal

kvotemarknad. Bilaterale frivillige

avtaler kan eventuelt utviklast vidare og

koplast mot felles gjennomførings-prosjekt

eller CDM-prosjekt. Dermed kan frivillige

avtaler bli ein etappe mot ein fullt utvikla

internasjonal marknad for Kyotomekanismane.

Ved å kombinere ein frivillig

avtale med eit felles gjennomføringsprosjekt

kan ein få med både klimagassar

og lokalt miljøskadeleg utslepp.

Ettersom det finst så få frivillige avtaler i

Noreg er det enklare for oss å utvikle eit

nasjonalt system for handel med

klimagasskvotar utan å byggje på frivillige

avtaler. Deretter kan dette kvotesystemet

koplast opp mot ein internasjonal marknad

for alle Kyotomekanismane. For land

med mange frivillige avtaler kan det beste

alternativet vere å bruke avtalene som eit

steg mot nasjonal og seinare internasjonal

kvotehandel.

avtaler, innovasjon og økonomisk

vekst”). CICERO sin

hovudpublikasjon er «Torvanger and

Skodvin, Implementing the Kyoto

Protocol – The role of environmental

agreements, CICERO Report No. 4,

1999, Oslo». Dei tre samarbeidande

institutta arrangerte to seminar om frivillige

avtaler for forskarar og

brukarar i Oslo 15.12.97 og 16.9.99.

Frå kvart av seminara er det trykt ei

samling av presentasjonane.

Cicerone 2/2000 • 13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!