11.05.2015 Views

CICERONE

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

CICERONE nr. 4/99 13

tre forslaga frå klimaforhandlingane må

Estland og Russland redusere sine utslepp

mykje meir enn gjennomsnittet for

alle landa i Austersjø-regionen pluss

Noreg og Island, som er på seks prosent.

I det norske forslaget fell den største

byrden på Polen. Ut frå det franske forslaget

vil Sverige og Island kunne auke

sine utslepp fordi dei per i dag har lave

utslepp per capita.

Dei nordiske landa og Tyskland kan

auke sine utslepp monaleg ut frå

egalitaritetsprinsippet. Skulle betalingsevneprinsippet

bli lagt til grunn, vil dei

nordiske landa og Tyskland få ei større

byrde enn dei andre landa. Byrdefordelingskonsekvensane

av forslaga frå

klimaforhandlingsprosessen ligg alle mellom

ytterverdiane for rettferdsprinsippa;

nærare bestemt mellom +9 prosent (det

franske forslaget for Sverige) og –12 prosent

(det franske forslaget for Estland).

Kan metodane brukast?

For å vurdere i kva grad differensieringsmetodane

kan gjennomførast politisk

sett, samanliknar vi resultata for landa i

Austersjø-området og grupperer dei i

OECD- og EIT-land (omstillingsøkonomiar).

Vidare ser vi på dei nasjonale

måla i Kyotoprotokollen (og den

interne byrdefordelinga i EU) som eit

døme på eit politisk akseptabelt

differensieringsutfall.

Dei nasjonale måla frå

Kyotoprotokollen kan såleis brukast som

ein målestokk på i kva grad metodane

politisk sett kan gjennomførast når vi

samanliknar med resultata frå dei

differensieringsmetodane vi drøftar her.

Det andre japanske forslaget er det

forslaget som gjev mål som ligg nærast

Suverenitetsprinsippet

Tolka som ein proporsjonal reduksjon

i utsleppa over alle land slik at

det relative utsleppsnivået ligg fast.

Egalitaritetsprinsippet

Tolka som ein proporsjonal utsleppsreduksjon

etter folketalet (det vil

seie like per capita-utslepp).

Betalingsevneprinsippet

Tolka som differensiering av

reduksjonsmål slik at netto kostnad

ved klimatiltaka er proporsjonal med

BNP per capita.

TABELL 3: Rettferdsprinsipp.

Det andre japanske forslaget

Kvart land skal redusere med 5% samanlikna med nivået i 1990. Dersom

utsleppa per eining BNP eller per capita er lavare enn gjennomsnittet blir målet

redusert frå 5% i same proporsjon. Målet blir likeins redusert dersom veksten i

folketalet er høgare enn gjennomsnittet.

Det franske forslaget

Måla blir differensiert slik at utsleppsbanane konvergerer mot same per capita

nivå eller mot same utsleppsnivå per eining BNP mot slutten av neste hundreår,

der siktemålet er å halde konsentrasjonen i atmosfæren under 550 ppmv.

Det norske forslaget

Kvart land sin prosentvise reduksjon blir fordelt etter den vekta summen av dei

tre indikatorane CO 2

-ekvivalente utslepp per eining BNP, BNP per capita, og

CO 2

-ekvivalente utslepp per capita, slik at dei landa som har høgare verdiar enn

gjennomsnittet får eit høgare mål, og vice versa.

Det brasilianske forslaget

Måla blir differensierte etter kvart land sitt historiske ansvar for global oppvarming,

målt etter akkumulerte utslepp av klimagassar i atmosfæren og gjennom

det påverknad på strålingspådrivet.

EU si Triptique-tilnærming

Tek utgangspunkt i forskjellane i utsleppsgenererande aktivitetar mellom landa

når økonomien er delt inn i tre hovudsektorar: produksjon av straum, energiintensive

sektorar, og andre innanlandske sektorar. I elektrisitetssektoren blir

utsleppa fordelt etter eit minimumsnivå for vedvarande energikjelder, skrankar

på fossile energivarer, og kjernekraft. Dei energi-intensive industriane får lov å

auke sin produksjon etter ein konstant rate basert på same rate for forbetringar

i energieffektiviteten. Utsleppa frå andre innanlandske sektorar blir fordelt på

per capita basis, slik at dei konvergerer mot same nivå i framtida.

TABELL 2: Dei mest interessante metodane for byrdefordeling frå

klimaforhandlingane.

Kyotoprotokollen, følgd av det franske

forslaget og det norske forslaget. Dei tre

metodane som byggjer på rettferdsprinsipp

medfører alle relativt større avvik

frå Kyotoprotokollen.

På denne bakgrunn kan vi setje opp

følgjande liste med metodar, der

metodane som politisk sett sannsynlegvis

lettast kan bli gjennomført står først:

1) Det andre japanske forslaget, 2) Det

franske forslaget, 3) Det norske forslaget,

4) Betalingsevne, 5) Suverenitet og

6) Egalitaritet.

Framtidige klimaforhandlingar

Mellom landa i Austersjø-området kan

Polen brukast som eit ”tilnærma utviklingsland”

på grunn av relativt lavt

brutto nasjonalprodukt per capita og

gjennomsnittlege utslepp av klimagassar

per capita. I eit slikt perspektiv kan dei

mest lovande metodane for å involvere

utviklingsland vere betalingsevne og det

franske forslaget, sidan desse metodane

sannsynlegvis vil medføre relativt mjukare

mål for utviklingsland enn dei andre

metodane.

Den største utfordringa i framtidige

forhandlingar om klimapolitikk blir å få

utviklingsland med på bindande utsleppsmål.

Utviklingslanda sitt syn er at industrilanda

fyrst må rydde opp i klimaproblema

dei har hovudansvaret for. Dessutan er

det rettferdig at dei rikaste landa må bere

den største byrden.

Den ujamne fordelinga av forventa

skadar ved klimaendring mellom landa

gjer også slike forhandlingar kompliserte.

Studiar tyder på at utviklingslanda vil bli

ein god del hardare ramma enn industriland.

Asbjørn Torvanger (asbjorn.torvanger@

cicero.uio.no) er forskingsleiar ved CICERO

Senter for klimaforskning. Artikkelen byggar

på CICERO Report 1999:5 ”A survey of

differentiation methods for national

greenhouse gas reduction targets”.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!