30.07.2015 Views

Melding for året 2007 - Sivilombudsmannen

Melding for året 2007 - Sivilombudsmannen

Melding for året 2007 - Sivilombudsmannen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

2007–2008 Dokument nr. 49Nokre tankar om korleis ombodsmannen kan vere med ogbetre rettstryggleiken i forvaltninga og auke respekten forborgarane og rettane deiraVerksemda i 2007 har vore omfattande, og erfaringanedette året har igjen vist kor viktig ombodsmannskontrollener for vanlege folk når dei får problemmed forvaltninga. Sakene som er refererte imeldinga, viser breidda i dei spørsmåla ombodsmannenundersøkjer og uttaler seg om. Sakene viseròg at det dreier seg om vanlege problem som folkhar med styresmaktene. Breva og spørsmåla til ombodsmannenvitnar om kor høgt borgarane set rettstryggleiken.Når saksbehandlinga ikkje går føre segpå rette måten, og når styresmaktene ikkje bruker lovarett, er det tilliten til dei offentlege styresmaktenesom blir skadelidande. Eg skal her ta opp nokre tankarsom kan styrkje ombodsmannskontrollen medforvaltninga.For det første er det no på tide å spørje om ikkjeombodsmannen bør ha same retten som alle andre tilå seie si meining om skjønnsbruken i forvaltninga.Er det i dag fornuftig å ha ei føresegn i lova om atombodsmannen berre kan kritisere skjønnet når deter klart urimeleg? Ei slik avgrensing i kva ombodsmannenkan seie si meining om, har uheldige verknaderog bør fjernast.Retten ombodsmannen har til å uttale seg omskjønnet i forvaltninga, er viktig fordi lovgivinga hargitt forvaltninga større makt overfor borgarane. Pånær sagt alle område kan styresmaktene no med lovai hand gripe inn der borgarane før stod fritt til å gjeresom dei ville. Retten til å gripe inn i rettane og pliktenetil borgarane er i dag langt på veg bygd påskjønn. Dessutan gir lova i dag borgarane fleire rettarenn før, og desse rettane er òg bygde på skjønn.For at dei lovfesta rettane skal bli ein realitet for borgarane,er det viktig å ha ein effektiv, utanforståandeog uhilda instans som folk kan gå til med sine klagerpå urett maktutøving.Stort sett opptrer forvaltninga samvitsfullt ogkorrekt. Men dei vide fullmaktene og den utbreiddepraksisen med å gjere unntak frå lova kan lett gjerefolk urolege for at tilfeldige og vilkårlege omsyn fårbestemme, og at maktmisbruk, usakleg forskjellsbehandlingog korrupsjon førekjem. I det siste har fleiresaker vist at ei slik uro ikkje er utan forankring idei faktiske tilstandane.Dei omsyna og forholda som forvaltninga byggjerskjønnet sitt på, er i dag meir samansette ogkompliserte enn før, og dei er vanskelege å kontrollereog overprøve. Behovet for ein utanforståande oguhilda instans som kan reise saklege motførestellingar,uttrykkje tvil og i det heile setje grunngittespørsmålsteikn ved skjønnsutøvinga, er større ennnokon gong. Ombodsmannen bør no få uinnskrenkarett til å seie si meining, også om forvaltningsskjønneter urimeleg eller vanskeleg å akseptere for einutanforståande som har undersøkt saka.For at ombodsmannen betre skal kunne kontrollereforvaltningsskjønnet, bør derfor avgrensinga ilova som gjer at det berre kan reagerast på «klart urimelige»avgjerder, no fjernast. Denne avgrensingakom inn i lova då ombodsmannsordninga blei opprettai 1962, fordi forvaltninga då var redd for at ombodsmannenskulle blande seg inn i det såkalla frieskjønnet. Tida har no gått frå denne avgrensinga. IDanmark har dei aldri hatt ei slik avgrensing, og denførste danske ombodsmannen, Stephan Hurwitz, åtvaranordmennene mot å ta denne regelen inn i lova.Han meinte at ei slik innskrenking i ytringsretten tilombodsmannen ville svekkje den preventive effektenombodsmannsordninga skulle ha. Avgrensingavar dessutan unødvendig, for ombodsmannen villesjølv vite når han skulle gripe inn og overprøveskjønnet. Og slik har det og blitt i praksis. Ombodsmannenoverprøver i dag ikkje eit fagleg eller lokaltskjønn når det er bygd på rett lovtolking eller faktiskeomstende som det ikkje er grunn til å setje spørsmålsteiknved. Ei slik avgrensing i lova er derfor eitunødvendig og uheldig signal til borgarane og omverda,og ho legg eit urimeleg band på retten ombodsmannenhar til å seie det han meiner.Eg blir ofte spurd kva verkemiddel ombodsmannenhar for å fremje god forvaltningsskikk og skapestørre respekt for borgarane og rettane deira. Etterordninga som gjeld i dag, kan ombodsmannen setje igang undersøkingar og seie si meining om det forvaltningahar gjort. Ombodsmannen kan ikkje gjereom forvaltningsavgjerder eller fatte rettsleg bindandevedtak. Slik bør det framleis vere.Dersom forvaltninga ikkje bøyer seg for det ombodsmannenseier, kan han rå til at klagaren reisersak for domstolane. Då får klagaren fri sakførsel. Årå til å gå til rettssak høyrest jo bra ut, men det har ògsine tvilsame sider. Sjølv om klagaren får fri sakførsel,er det tungt å skulle gå til sak mot det offentlege.Borgaren må sjølv ta belastninga med å føre saka.Ombodsmannen kan ikkje gi borgaren hjelp til å drivesøksmålet fram. Å tilrå søksmål kan såleis vereeit slag i lufta. Er det saksbehandlingsfeil det dreierseg om, er det berre dei kritiske orda frå ombodsmannensom blir sanksjonen. Noka økonomisk oppreisingfår ikkje borgaren.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!